-
Aktivitetsvenn for personer med demens
Gjennom tilbudet Aktivitetsvenn får mennesker med demens flere aktiviteter og gode opplevelser i hverdagen.
Besøksvenn / Turven
Mange menneske i Noreg saknar ein fortruleg ven. Einsemd kjenner ingen alder. Me i Time Frivilligsenter kafè og aktivitet søker deg som ynskjer å væra besøk, eller turven for nokon som er einsam.Aldersgruppe: For alle
Kan du tenkja deg å vera besøksven?
Besøksven er eit tilbod for menneske som av ulike grunnar ynskjer meir kontakt med andre menneske. Dette bidreg til å gjera kvardagen lettare for ein som er einsam, eller treng nokon å snakka med.
Besøksvenen og den som får besøk bestemd saman kva dei skal gjera. Forslag til aktivitet kan væra å gå turar eller gjera andre sosiale aktivitetar - eller treffast berre for å prata. Den unektelege kaffikoppen med ein besøksven er ein verdi som vanskeleg lar seg beskrive eller måla.
For å væra frivillig treng du ingen spesielle kunnskapar eller eigenskapar. Du treng eigentleg berre å vera deg sjølv.
Me finn dei rette, som kan passa saman, og treng ein besøk eller turven, og som har tilnærma dei same interesser som deg. Me veit at personlege interesser, og kjemi er viktig for at begge skal få gleda av å tilbringar tid saman.
Om du har lyst til å væra besøksven eller turven, ta kontakt med Time Frivilligsenter kafè og aktivitet.
Kontaktperson, frivilligkoordinator: Anita Morales Stokdal
Mail: anita.m.stokdal@time.kommune eller telefon/ sms: 904 77 858
Oppdatert 06.02.2023
Del på:
-
Bli frivillig, noe for deg?
Frivillige til ulike oppdrag. Livskvalitet og trivsel handler om å ha det godt og fungere godt, kort sagt om hva som gjør livet godt å leve - hva vi ofte kaller "lykke"
-
Bridgeklubb
For alle som likar å spela bridge. Bridge er spennande, utfordrande og sosialt.
-
Forming og Handarbeid
Onsdagsdamene samlast rundt bordet med handarbeid i alle variantar, og godt drøs.
-
Fredagsunderhalding VÅREN 2024
Underholding for alle