Me har lagt til rette for at du som senior kan koma ut på ein triveleg middag saman med andre på utvalde datoar - ein gong i månaden.
Restaurantane som er med på ”UT I BRYNE” serverer smakfulle måltid til hyggelege prisar. Det er sosialt og kjekt å eta saman med andre, og me håpar dette blir ein populær møteplass som mange kan ha stor glede av - ordføraren kjem kanskje og...
Time frivilligsentral ordnar ledsager og transport dersom du har behov for det. Dei blir også med i restauranten.
Tidspunkt for Ut i Bryen er første onsdag i måneden fra kl 15.00
NB ny pris er kr 295,- pr stk for middag, kaffe og desert.
Datoar for treffa:
3/1 Bryne Kro & Hotell Presentasjon av nytt program
7/2 Møllehagen Brit Edland forteller om Fritz Rød parken
6/3 Hotell Jæren Jæren Forlag med Sune Aabø Parker «Det blir færre og færre lokale forlag vil vi fortsatt ha lokale bøker?»
3/4 Iltempo «Bare ei skjeva» / Fra offer til kriger
8/5 Brix Jæren turlag: Anne Reidun Garpestad
5/6 Drivhuset Info kommer
7/8 Brix Kenneth Lia presenterer «Bryne Byen»
4/9 Møllehagen Jæren Friluftsråd: Oddrun Aksnes
2/10 Hotell Jæren kommer info
6/11 Iltempo Ystepikene med ostesmaking
4/12 Bryne Kro & Hotell Jær Akevitten info kommer
På grunn av parkering og anna arrangement oppfordrar me ikkje til å møte meir enn 15 minuttar før me startar.
PÅMELDING, husk å oppglyse om eventuelle allargiar:
Ta kontakt på tlf. 90477858 eller epost: anita.m.stokdal@time.kommune.no
Oppdatert 06.02.2023