Me treng fleire frivillige i Time Frivilligsentral

Frivillig sentralen byr på ein plass å møtas, der du kan slå av ein prat. Ynskjer du ein meir meiningsfylt fritid er det nok å gjera. Mange treng lita og / eller stor hjelp. Her hos oss finn du ut korleis du kan væra med å bidra. Å jobba som frivillig betyr at du hjelper til med å gjera andre sin kvardag betre.

Frivillig arbeid kan væra alt frå nokre timar i blant, til fulltid. Når du jobbar som frivillig tener du ikkje pengar, men du får mange andre erfaringar som kan væra nyttige seinare. Ikkje minst gir det å jobba som frivillig deg moglegheita til å gjera noko positiv for andre 

Akkurat no treng me hjelp til: 

- Besøksvert på sjukeheimane
 - Turvenn
 -  Ringevenn
 - Hjelpa nokon å handla
 - Små oppdrag 

2024 © Time Frivilligsentral